Sogn Cykleklubb

Hovudsponsor: Sparebanken Vest
Framside

Bruktmarked - sykkelplassen.no
Logg inn
LISENS
Lisens 2007
Utskriftsvennlig versjon
Alle som deltek i ritt må ha lisens. Skadar som oppstår under trening vert også dekka av lisensen. Vi tilrår derfor alle som er med på fellestrening å sikre seg gjennom lisensen. Aktiv lisens må tingast gjennom klubben. Fra 2007 er det samme lisens for deltaking i innland og utland dvs. utøvarane treng ikkje eigen UCI lisens (internasjonal lisens) fra og med 2007. Turrittlisens er utgått. Ting aktiv lisens gjennom klubben eller kjøp eingongslisens ved kvart ritt.
Lisens tingar du hos klubben ved å sende e-post.

Du må oppgje følgjande:

  • navn
  • adresse
  • klasse
  • fødselsdato
  • mail-adresse (da får du tilgang til personleg profil-side og du har da høve til sjølv å skrive ut lisenskort fra denne sida.
  • evt. utvida forsikring
  • evt. blad (Sykkelmagasinet er frivillig)
  • marker om det er lisens for 1. års ryttar mellom 10-18

    NB! Du skal ikkje betale inn noko beløp ved bestilling. Når bestilling er gjort av klubben, vil den enkelte utøvar motta mail fra NCF med betalingsinformasjon, KID og beløp. Betaling skjer først når ein slik mail er motteken.

    Dei som ikkje har mail, må bestille lisens ved å kontakte Stig Vattekar, tlf. 97189995 og betale beløpet inn på Sogn CK sin konto nr. 3720 12 23742. Bestilling blir ikkje gjort før betaling er registrert. Lisenskort vil bli skrive ut av klubben og vidaresendt utøvaren. Lisensen gjeld fra betaling og til 31.12.07. Forsikringa gjeld til 28.02.08.

    Ved deltaking i turritt, mosjonsklasse i terrengritt, og aldersklassane 10-16 kan ein løyse eingongslisens når ein melder seg på rittet. Den koster kr. 200,- for vaksne og kr. 50,- for dei opp t.o.m. 16 år.

    For informasjon om lisensavgift, forsikringsordninga m.m. syner vi til forbundet si heimeside www.sykling.no. Sjekk denne - det kan fort lønne seg i staden for å betale eingongslisensar.

    Spørsmål i samband med lisensordninga kan gå til Stig Vattekar 97189995 eller E-post: post@sogncykleklubb.net

  • SPONSOR
    Sponsor: Idrettssenteret AS
    Sponsor: Josvanger Elktro AS
    Sponsor: Hans Nes Bygg AS
    Sponsor: Luster Mekaniske Industri AS
    Sponsor: Drevdal Bygg AS
    Sponsor: Terina AS
    Sponsor: Maxim Norge
    Sponsor: BOA-sykler
    Jotunheimen rundt
    sogncykleklubb.net - Postboks 361 - 6852 Sogndal
    Nettredaktør Håvard Myrvang
    Pub © versjon: 1 - Feb.2004
    Sogn CK på nett med Fjordinfo!