Vi inviterte til foredrag gjennom artikkel i Sogn Avis og annonse. I tillegg har Tom P. sendt invitasjon til høgskule-miljøet i Sogndal. Vi håpa derfor at det ville komme ein del folk, men det var over all forventning når vi fekk 130 - 140 deltakarar.
Kvålsvoll er ein svært kompentent person innan uthaldstrening og sykkelsport. Det var derfor mykje å hente for dei aller fleste frammøtte. Det var også kjekt at tidlegare sykkelpresident og leiar for Lærdal SK, Erik Aarethun var til stades. Son til Erik, Even har starta sykkelbutikk i Lærdal og hadde utstilling av syklar og utstyr i hallen utanfor foredragssalen.
Sykkelinnstillingar