Vi rakk ein 4 - timars sykkeltur alt fyrste dagen. Der traff vi Bernt Ullebø frå Høyanger med to Førde-syklistar (Thomas Kristiansen og Inge Årdal), som også hadde lagt treningsoppholdet til Gran Canaria.
Vi sykla mykje og langt saman med desse. For dei som hadde best grunnlag vart det turar på opp til 7 - 8 timar med innlagte stopp på diverse kaféar i fjell-landsbyane. Nokre av oss var fleire turar opp til øya sitt høgste punkt på 1949 moh. Vi holdt også saman om kveldane og kosa oss med mykje god mat. Alle hadde eit godt treningsmessig utbytte av dei sju dagane vi sykla der nede.
Fakta: Temperatur: 30 grader +.
Bading: Nesten ikkje.
Babes: Berre pensjonistar.
Mat: Meget god.
Sykling: Meget gode forhold.
