Sogn Cykleklubb

Hovudsponsor: Sparebanken Vest
Framside

Bruktmarked - sykkelplassen.no
Logg inn
RESULTAT
Resultat frå Fana sykkelfestival
Utskriftsvennlig versjon
Sondre nr.2 samanlagt
Sondre Austreim, Leiv Magne Berge og Anders Moritsgård deltok forige helg i Fana sykkelfestival i Bergen.

På fredag var det bakketempo, start ved fana kirke og mål på fanasetera. Løypa var 2,5km lang, men svært bratt. Sondre vart nummer 3, 17 sekunder bak vinnar Marius Hafsås. Leiv Magne vart nummer 14 med tida 8:53, 1:35bak vinnaren. Anders vart nummer 16 med tida 9:51, 2:33 bak vinnaren.

På lørdag var det fellestart, løypa gjekk rundt gullfjellet. Løypa var 91km lang med to stigningar. Anders og Leiv Magne måtte sleppe i den første bakken og var henholdsvis nummer 13 og 14. Sondre satt i hovudfeltet som var samla inn i siste bakken, viste Sondre seg sterk i bakken og vart nummer 3.

Søndag var det Lagunen grand Prix, da var det 5 runder i ei rundbane på 16,5km. Leiv Magne var uheldig og ramla på den svært glatte asfalten. I nest siste runde måtte Anders sleppe hovudfeltet. På grunn av punktering kjørte Sondre på eit reservehjul, det nye hjulet egna seg dårleg på det glatte føret. Derfor hadde han ikkje sjangs på oppløpet, men kjørte inn med feltet til ein 6. plass.

Helga var prega av kaldt og vått vær, men eit kjempe godt arrangement veia opp for dette. Anders og Leiv plukka verdifulle norgescup-poeng, er var derfor godt fornøgd med helgas resultat. Sondre fekk 2. plass sammenlagt, 17 sekund bak sammenlagtvinnar Ørjan Egeland frå Stavanger SK. Sondre er etter denne helga oppe på ein 6. plass i kalas cup. Sondre er såleis svært nøgd med prestasjonen.
SPONSOR
Sponsor: Intersport Sogndal
Sponsor: Josvanger Elktro AS
Sponsor: Hans Nes Bygg AS
Sponsor: Luster Mekaniske Industri AS
Sponsor: Drevdal Bygg AS
Sponsor: Nortura SA
Sponsor: Maxim Norge
Jotunheimen rundt
sogncykleklubb.net - Postboks 361 - 6852 Sogndal
Nettredaktør Håvard Myrvang
Pub © versjon: 1 - Feb.2004
Sogn CK på nett med Fjordinfo!