Tour of Norway for kids

Kjempefint og profft arrangement. Ca 90 ungar fra støttehjul-alder og opp til 14 år stilte til start i ei kort rundløype i sentrum. Alle ungane fekk premie som var sponsa av butikk-kjeda Joker.

I tillegg vart det trekt ut sykkeltrøyer, hjelmar og ein sykkel på startnummera.

Takk til Iren som tok hovudansvar i klubben for arrangementet.

Også takk til medlemene som gjorde ein god sekretær-, vakt- og ryddejobb.