Jølster rundt 2009

Heile 120 fullførte dagens Jølster Rundt (deltakarrekord). Vinnartida vart på 2:06:12 som er 5 sekund raskare enn i 2008 og dermed ny løyperekord.


Det var 9 mann som kom inn på bestetida, 2:06:12: Espen Helgeland (Mædicinernes sykkelklubb), Ole Marius Gloppestad (Eidsfossen sykkel), Sondre Austreim (Sogn CK), Anders Lundemo Moritsgård (Sogn CK), Bernt Ullebø (Sogn CK), Stig Engen (Sogn CK), Inge Årdal (Førde CK), Jon Inge Kusslid (Førde CK) og Cato Indrebø (Førde CK). Elles var det 24 som kom inn 5 sekund bak desse 9.